Or for deg som ikkje finn ord app for iPhone and iPad


4.2 ( 2672 ratings )
Book Entertainment
Developer: The KIT as
Free
Current version: 1.2.0, last update: 1 month ago
First release : 12 Dec 2023
App size: 135.89 Mb

Appen "Or for deg som ikkje finn ord" hjelper deg med ord-mangelen. Endeleg.

Det er rart med det. Det skal noko til for å skildre akkurat det du vil formidle; ei oppleving, ei kjensle, ei lukt, ein smak, ei hending, ein ting. Det er så kjent på mange måtar, så opplagt. Og så står du likevel der og stotrar: “…men, altså … Ah, du skjøner kva eg meiner!” – og slår hjelpelaust ut med armane.

Det kan ikkje vere tvil: Me manglar ord.

Men ikkje nå lenger!

Med “Or for deg som ikkje finn ord” får du endeleg ord for alle desse opplevingane, kjenslene og tinga. Som f.eks. ”Den strålande ideen som kjem like før du sovnar, men som er heilt borte når du vaknar.”

Ja, berre slå det opp. Her får du eit fint, enkelt ord som du kan ta med deg inn i kvardagen din.

– Og på din stad! For orda (orsak, ora) du finn her, finst faktisk allereie! Dei støvar ned i utmarka og døyr ut med gamle folk. Dei heng på skilt, peikande til unnselege, små og større stader, eller dei sirkulerer på folkemunne. Frå folkemunn til folkemunn.

Me tykkjer det er synd at flotte ord som “momoen”, “gjæslingan”, “skoklefall” og “nesoddtangen” skal miste muligheitene for å nå lengre enn berre til skiltet sitt. Så med dette prosjektet kastar me dei inn i språket att i eit gigantisk redningsprosjekt. Bort med støv! Alle fortener ein ny sjanse!

Og det lover me deg: dei kjem til å gjøre mykje meir nytte for seg enn alle slags valium-ord som synergi, funksjon og prosess.

– Per Henning & Kjell Inge

Og så til slutt et juridisk "Sola" (sjå oppslag), Apples Standard Terms of Use (EULA): https://www.apple.com/legal/internet-services/itunes/dev/stdeula